Share

cover art for Når vatnet går: Uplanlagt heimefødsel

Høyr

Når vatnet går: Uplanlagt heimefødsel

Nelly Skulason og Stian Skaret hadde fødebagen klar i gangen, men kom seg aldri ut av huset då sonen Sigurd vart fødd. I denne episoden får du høyre korleis dei opplevde ein uplanlagt heimefødsel.


I serien "Når vatnet går" får du høyre ulike fødselshistorier frå kvinner i Hallingdal og Nore og Uvdal. Historier frå heimen, frå legekontoret, frå sjukehuset eller frå ei lomme langs Riksveg 7.

More episodes

View all episodes

  • Segla mot Gaza - fengsla av Israel

    01:16:46|
    I september segla Samuel Rostøl og hundrevis av aktivistar mot Gaza for å bryte den israelske sjøblokaden og opprette ein nødhjelpskorridor. Aktivistane vart stoppa i internasjonalt farvatn og arrestert av israelske styrker. I denne episoden fortel Rostøl om seglturen, arrestasjonen og dagane i eit berykta israelsk fengsel i ørkenen.
  • Når vatnet går: "Glad eg var på sjukehuset"

    18:55|
    Då ho forstod at fødselen var i gang starta Sigrid Onsgaard Sagabråten og sambuaren køyreturen mot Ringerike. Ein ambulanse med jordmor måtte køyre dei i møte. Korleis er det å vente barn i ein kommune som ligg mange mil frå sjukehuset, men samstundes ikkje har følgjeteneste?I serien "Når vatnet går" får du høyre ulike fødselshistorier frå kvinner i Hallingdal og Nore og Uvdal. Historier frå heimen, frå legekontoret, frå sjukehuset eller frå ei lomme langs Riksveg 7.
  • Når vatnet går: "Eg føder i ambulansen no"

    19:36|
    Ambulansen svinga ut av Gol sentrum med blålys og sirener då Maria Sigurdardottir skulle føde sitt andre barn i oktober 2024. Alt då skjønte ho at vegen til sjukehuset kom til å bli for lang. I serien "Når vatnet går" får du høyre ulike fødselshistorier frå kvinner i Hallingdal og Nore og Uvdal. Historier frå heimen, frå legekontoret, frå sjukehuset eller frå ei lomme langs Riksveg 7.
  • Når vatnet går: Fødde i vegkanten

    18:47|
    Året er 2024. Med kraftige rier ligg Lena Johanne Mikalsen bak i ambulansen på den 115 kilometer lange turen frå jordmorvakta på Gol til Ringerike sjukehus. Fødselen går fortare enn det bilen kan køyre, og eitt minutt unna sjukehusdørene må ambulansen stoppe i vegkanten.I serien "Når vatnet går" får du høyre ulike fødselshistorier frå kvinner i Hallingdal og Nore og Uvdal. Historier frå heimen, frå legekontoret, frå sjukehuset eller frå ei lomme langs Riksveg 7.
  • Når vatnet går: Styrtfødsel på Sundre

    25:02|
    I 2018 fødde Viola Valstad frå Ål sitt tredje barn. Frå ho vakna den natta og til barnet var ute gjekk det ganske nøyaktig éin time. Då er det vanskeleg å rekke fram til fødeavdelinga i tide. Ikkje minst er det godt å ha ei jordmor i nærleiken.I serien "Når vatnet går" får du høyre ulike fødselshistorier frå kvinner i Hallingdal og Nore og Uvdal. Historier frå heimen, frå legekontoret, frå sjukehuset eller frå ei lomme langs Riksveg 7.
  • Alexander Elias (22) mista nesten livet til rusen

    51:30|
    22 år gamle Alexander Elias hadde ein tøff tid på barne- og ungdomskulen. På vidaregåande starta han å ruse seg.  - Eg hadde låg puls, var utsliten og øydelagt. Legen sa til mamma at eg ikkje hade levd ei veke til, om eg ikkje hadde fått hjelp, seier Alexander Elias. No har han vore nykter i fire år og kjem til Høyr for å dele sine erfaringar og kordan han ser på utfordringane rundt rusmidler i Hallingdal.
  • Okkupert: Dei dramatiske krigsåra i Hallingdal

    01:00:28|
    Forfatter og journalist Magnus Lindahl gjester "Høyr" for å fortelje om den nye boka "Okkupert: historier frå 2. verdenskrig i Hallingdal". Her blir det teikna nye bilete av kva krigen var for dei 15.000 hallingane som opplevde krigen.
  • Flaggbrenninga i Ål: – Eg er ikkje skuggeredd. Men det melder seg nokre kjensler, som eg har bore på i 20 år

    35:23|
    Brenning og steling av regnbogeflagg har prega pridemarkeringa i Hallingdal. Natt til 1. juli tok nokon seg inn på plena til sokneprest i Ål, Geir Wiknes, som er open homofil. Pride-flagget hans vart stole. Saman med ordførar i Ål Solveig Vestenfor snakkar han om pride. Kvifor treng me det - og kan det bli for mykje?