Share

cover art for Snart får du første episode

Frampå - podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Snart får du første episode

Kva gjer eigentleg ein fylkeskommune? I podkasten Frampå skal vi snakke om det som skjer i fylkeskommunen, om rollen vår som regional utviklar og som ein del av demokratiet - og om dei mange ulike oppgåvene i samspelet med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Frampå er Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen podkast. Kvar månad vil du få nye episodar.

More episodes

View all episodes

  • 6. Kampen om veljarane

    01:09:55
    Kva meiner ungdomspolitikarane om fråversgrensa og om kollektivtransport?Her kan du høyre den siste av to skolevaldebattar på Romsdal vgs torsdag 31. august – halvanna veke før kommune- og fylkestingsvalet.Ungdomspolitikarane som deltok, varAUF: Petra BrinchFpU: Lars Andreas Scheide VartdalGrøn ungdom: Steinar ØrstenvikKrFU: Dorte KlokkRaud Ungdom: Ahmed Al-SaediSenterungdomen: Dordi Boksasp LerumSosialistisk Ungdom: Emma PedersenUnge Høgre: Nikolai ØstebyUnge Venstre: Enok GrovaDebattleiar var Per-Kristian Bratteng.
  • 5. Den store samfunnsutfordringa - episode 3: Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken

    21:55
    Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken meiner vi må gjere nokre veivalg:- Dersom vi skal gjere nye ting, dimensjonere nye tilbod, starte nye utdanningar, så er det noko vi må slutte å gjere, fordi vi blir færre. Det er det store utfordringsbildet; at vi skal tørre å slutte med noko for å satse på det nye, sier Brekken.I den tredje episoden i serien 'Den store samfunnsutfordringa' vurderer kompetanse- og næringssjefen utfordringsbildet i åra framover.
  • 4. Den store samfunnsutfordring - episode 2: Fylkesplansjef Ingunn Bækken Sjåholm

    21:15
    Fylkesplansjef Ingunn Bækken Sjåholm forstår at folk vil halde fast i håpet om vekst. - Men, seier ho: - Vi må legge realistiske tal til grunn når vi skal planlegge både samfunnsutvikling og tenestetilbodet.I den andre episoden i serien 'Den store samfunnsutfordringa' fortel fylkesplansjefen om utfordringane i åra framover, slik ho ser det.
  • 3. Den store samfunnsutfordringa - episode 1: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak

    23:17
    Dei neste åra må vi løyse ei stor utfordring, ved sidan av klima og miljø: Det blir færre menneske i yrkesaktiv alder, og vi vil i Møre og Romsdal oppleve store rekrutteringsutfordringar. Først ut i serien er fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak. Ho har ei tydeleg problemstilling: - Korleis kan vi få løyst oppgåvene vi har i dag med færre folk?
  • 2. Russ 2023 - trygt og inkluderande?

    40:49
    Ifølge SLT-koordinator Minda Myklebust i Ålesund kommune var ein russerebus i fjor «noko av det verste du kan tenke deg, gangar ti». Men ho trur at vi allereie i år får sjå resultat av pilotprosjektet som kom i gang for å gjere russefeiringa tryggare og meir inkluderande.Ho får støtte av både russeleiarar i dei tre byane og kompetansesjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune.Deltakarar i podkasten:Minda Myklebust, SLT-koordinator i Ålesund kommuneKariann D. Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommuneIngrid Marie Gussiås, leiar av russestyret ved Atlanten vgsNoa Størksen Strandhagen, leiar av russestyret ved Molde vgs.Eva Andersen Berg, russepresident ved Ålesund vgs. avdeling latinskolen
  • 1. Kva skal dei velje?

    38:36
    1. mars skal rundt 3.000 10. klassingar i fylket velje vidaregåande utdanning. Men kva skal dei velje? Kva er riktig? Kva treng næringslivet? Og går det an å velje feil?Vi snakkar med kompetansesjef Kariann D. Flovikholm, fylkesdirektør i NAV Stein Veland, næringssjef Hilde Aspås og leiaren av ungdomsrådet Niels Lenders.
  • 4. Her er den nye toppsjefen i fylket

    37:58
    Den nye fylkeskommunedirektøren Toril Hovdenak vil ha med heile organisasjonen i jobben med å utvikle fylket til ein enda betre plass å bu og å drive verksemd i.- Eg er ikkje så veldig opptatt av at eg skal sette mitt «stempel». Eg skal skape handlingsrom for at dei som ønsker, kan og vil utvikle fylket skal gjere det saman. Eg er ikkje så opptatt av at mitt fingeravtrykk skal vere så synleg, seier Hovdenak i podkasten Frampå.- Eg vil heller vere den som går bak og passar på at alle blir med – at vi får med dei stemmene som er verdt å lytte til i samarbeidet.I podkasten blir vi meir kjend med den nye fylkeskommunedirektøren. Kven er ho? Kva står ho for? Og korleis vil ho sette sitt preg på fylkeskommunen?Toril Hovdenak er på plass som fylkeskommunedirektør frå 1. januar.
  • 3. Fri og villig?

    39:46
    Når det står om liv, stiller dei frivillige opp. Alltid. Slik dei også gjorde under den store redningsaksjonen då cruiseskipet Viking Sky fekk motorhavari på Hustadvika i mars 2019. 1.373 personar i nød. Og som eit mirakel var det ingen som omkom.Men har dei frivillige fått ei altfor tung bør på skuldrane? Kvilar storsamfunnet for mykje på dei frivillige si innsats?Podkasten er ein samtale under fylkeskulturkonferansen 4. og 5. desember på Bjørnsonhuset i Molde, der frivilligheita og frivilligåret 2022 blei markert og feira.
  • 2. Hemningslaus russefeiring - kven bryr seg?

    51:54
    Seksuelle overgrep, rus, fråvær, ekskludering og gjeld. - Foreldre; wake up! seier politiet i denne podkasten.- Eg er overraska over at 18-åringar synest at dette er gøy, seier ein russ om russerebusen.- Dette må skje i tett kontakt med ungdomane sjølv, seier kompetansesjefen om å endre russefeiringa.Dei som er med:Helsesjukepleiar Maja Aurstad Miljørådgivar Kjetil Kirkevåg ved Romsdal videregående skoleRichard Merlid forebyggende koordinator i PolitietKompetansesjef i fylkeskommunen Kariann Dimmen FlovikholmNiels Leenders som er nestleiar i ungdomspanelet i Møre og RomsdalEmma Sylte Austad som er russ dette skoleåret