Share

cover art for Folkeprat – ein podkast frå magasinet Folkemusikk

Folkeprat – ein podkast frå magasinet Folkemusikk

Samtaler om folkemusikk, folkedans og tradisjonar


Latest episode

  • 20. Folkeprat #20 – Konsert på Aukrust i regi av Jakupscena | Iselin Aukrust, Magnhild G. Haugen, Syver R. Hauge og Kjetil M. Myhren

    01:09:38||Season 3, Ep. 20
    Det midlandske kulturområdet som strekker seg langs fjellheimen som skil austland frå vestland, frå Gudbrandsdalen i nord til Telemark i sør, har heilt sidan nasjonalromantikken hatt ein spesiell status i norsk folkemusikk. På denne konserten får vi høyre fire ungdommar som forvaltar kvar sin tradisjon på særs dedikert vis.Iselin Anna Aukrust er på heimebane sjølv om ho til dagleg studerer på Ole Bull Akademiet på Voss, og både spelar og syng tradisjonsstoff frå Lom og Ottadalen med stor dugleik.Kvedaren Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal i Telemark har på imponerande vis tileigna seg ein levande familietradisjon etter mor Ingvill Marit Buen Garnås og gommo Agnes Buen Garnås. Til dagleg studerer ho ved Noregs Musikkhøgskole. Mellom Gudbrandsdalen og Telemark finn vi både Hallingdal og Valdres.Kjetil Meberg Myhren – Oslo-gut med sterke familierøter i Hallingdal og Telemark – spelar både tele- hallingspel på gneistrande vis.Syver Rolandsgard Hauge frå Vestre Slidre i Valdres, som er vaksen opp nokre frå steinkast unna der ein av storkultane i Valdres-tradisjonen, Ivar Ringestad (1870–1953) budde og virka, har eit spel som er utan sidestykke blant levande spelemenn i Valdres i dag. Båe desse karane har nyleg studert høvesvis felebygging og felespeling på USN, avdeling Rauland.

More episodes

View all episodes

  • 19. Folkeprat #19 – Rolv Brimi | Gamaldans under Lomseggen

    46:18||Season 3, Ep. 19
    Rolv Brimi frå Lom gav i fjor ut ei samling med over 300 gamaldanslåttar som faren Hans W. Brimi nytta i ulike konstellasjonar. I denne podkasten kan du høyre Rolv fortelja om bokprosjektet til redaktør Kjellbjørn Karsrud.
  • 18. Folkeprat #18 – Anders Lunden Herfoss og Aslak Brimi | Folkelarmprogram, styrearbeid i FolkOrg og kappleiksdebatt

    28:31||Season 3, Ep. 18
    I denne praten frå Folkelarm tek redaktør i magasinet Folkemusikk, Kjellbjørn Karsrud, ein prat med høvesvis styremedlem og dagleg leiar i FolkOrg, Anders Lunden Herfoss og Aslak Brimi. Der kjem dei innom korleis seminar- og showcaseprogrammet på Folkelarm blir plukka ut, kva dei jobbar med i styret i FolkOrg for tida, endringar i kappleiksreglementet, kappleiksøkonomi og ikkje minst debatten Sivert Holmen drog opp om slåtteval på kappleik.
  • 17. Slåttetralling og plateinnspeling til dans med Isa Holmgren

    16:47||Ep. 17
    Sjølv om svært mykje av folkemusikken vår er dansemusikk, er det ikkje ofte det blir spelt inn folkemusikkplater med dansarar til stades. Det vil Isa Holmgren gjerne noko med, når ho i vår kjem ut med andre soloplata si, ‘Dans med meg’. I denne podkasten får du vere fluge på veggen under plateinnspelinga på Sæterhytten, Bygdøy i Oslo, og vi intervjuar i tillegg til Isa sjølv, produsent Vegar Vårdal, dansar Tone Ingvaldsen og dansar og plateutgivar Solveig Brekke Hauknes (som saman med Bjørn Kåre Odde driv plateselskapet Melovitten). Dei andre som er med i studioet dei har sett opp på Bygdøy for høvet, er produsent og konsulent Synnøve Brøndbo Plassen, lydteknikar Fridtjof Lindeman og dansarar Audun Grüner-Hegge og Torbjørn Bergwitz Lauen. Musikken dei spelar inn, og som du får ein smakebit av, er «Geitleken» (polsdans fra Finnskogen i form etter Vegar Vårdal) og «Klunken» (reinlender etter Ragnar Mathisen). 
  • 16. Oslokappleiken 2023

    11:35||Ep. 16
    Oslokappleiken har i nokre år blitt arrangert saman med Folkelarm, men i år køyrde dei sololøp og hadde siste laurdagen i september heilt for seg sjølv på Riksscenen. Vi var der og laga denne vesle kappleiksreportasjen.
  • 15. Jubileumshelg i Bergen

    05:46||Ep. 15
    FolkOrg fyller hundre år i 2023, og midt i oktober er det jubileumshelg i Bergen. Kva kan publikum vente seg?
  • 14. Er folkedansen kjønna?

    51:38||Ep. 14
    Er pardansen heteronormativ? Er hallingdansen macho? Scenekunsts redaktør Julie Rongved Amundsen samtaler med folkedanser Ådne Geicke Kolbjørnshus, dansekunstner Ann-Christin Kongsness og danser og koreograf Anna Öberg om folkedans og kjønnsroller i vår tid. Utgangspunktet er folkedansensemblet Kartellets forestilling Danse staur, danse staur, som tar utgangspunkt i tradisjonen med dans mellom to av samme kjønn. Podkasten er en samproduksjon med magasinet Scenekunst.no sin podkast Scenesamtaler, og ble spilt inn på Riksscenen i Oslo under dansefestivalen Coda Dance Fest. Får du fot - Folkemusikks podkast sesong 2 er produsert med støtte fra Norsk kulturråd.