Share

Eksperthaugen
Jubel i feil garderobe
•
Det var jubel i feil garderobe både då Fbk Voss-damene møtte Åsane 2 i toppkamp i 3. divisjon, og Voss sitt herrelag jakta revansje mot tabelltopp Lyngbø i 4. divisjon. Journalist Ørjan Brattetveit og Fbk Voss-guru Sebastian Bolstad har med seg damelagets Sanna Skulstad Dregelid i studio, dei får reaksjonar frå Lyngbø-trenar Trond Pettersen og Voss-spelar Anders Hånes Lund. Podkastarane held fram jakta på tidenes beste fotballspelarar på Voss. Dei ristar på hovudet av ei bot-ordning på herrelaget og dei jublar over Brann-siger.
More episodes
View all episodes

Tidenes beste spelarar i Fbk Voss (Sesongavslutning)
36:29|I sesongens siste episode av Eksperthaugen har Fbk Voss-guru Sebastian Bolstad og journalist Ørjan Brattetveit besøk av vinnarane i kåringa av tidenes beste fotballspelarar i Fbk Voss, klubben som i år fyller 100 år.I nesten heile sesongen har podkastarane jakta den beste spelaren på damelaget og den beste herrelagsspelaren. Til slutt avgjorde Hordaland sine lesarar vinnarane mellom desse nominerte spelarane: Damelaget: Linda Fostervoll Kvamme, Stine Andreassen, Sanna Skulstad Dregelid, Laila Himle og Randi Himle. Og mellom herrespelarane: Svein Bremerthun, Olav Sønnesyn, Geir Giljarhus, Lars Erik Mørkeset, Thomas Solberg og Olav Skjeldal.Og vinnarane er …
Kristian Ystaas-spesial
27:46|Kristian Ystaas (39) kan sjå tilbake på gode minne frå Sogndal, Brann og Notodden. Før han reiste ut i fotballverda, spela han ein kort periode på A-laget til Fbk Voss. I denne episoden av Eksperthaugen er Ystaas gjesten. Og podkastarane,Voss og Brann-supporterane Sebastian Bolstad og Ørjan Brattetveit, tek ein prat om cupgull, seriemedalje, den store våren i 2004. Men også som skader og nedturar. Sebastian Bolstad var ti år då Ystaas herje på stadion. Han reiste til Brann-butikken og kjøpte drakt med Ystaas på ryggen. Jakta på tidenes beste klubbspelar gjennom Fbk Voss sine 100 år nærmar seg slutten.
Kom heim
39:10|Mange vossingar spelar for lag i 3. divisjon i Hordaland og i Sogn og Fjordane. Simen Brekkhus herjar i Fana, Martin Dregelid og Bjarg overraska, medan Skage Storheim, Malvin Gjerde og Mathias Hovland må ned frå 3. divisjon med Fjøra til 4. divisjon. I Åsane jaktar Emma Støyva opprykk til Toppserien. Fbk-guru Sebastian Bolstad og journalist Ørjan Brattetveit snakkar med dei fleste av desse om årets sesong. Og alle må svara på spørsmålet om dei kjem heim til Fbk Voss igjen.Og jakta på den beste spelar på Fbk Voss gjennom klubben sin 100-årige historie nærmar seg slutten.
Ødegaard-spesial
43:38|Per Kristian Ødegaard er ei klubblegende. 67-åringen kan sjå tilbake på 279 A-kampar for Fbk Voss. Han var vore med på opprykk både som spelar og trenar for herrelaget og som trenar for damelaget.Han fortel om oppturar og nedturar. Å ta steget opp til nivå tre, å slå Sogndal på bortebane. Å spela på lag med Roald "Kniksen" Jensen mot Chelsea var ei stor oppleving. Som trenar var eit høgdepunkt då damelaget kjempa om opprykk til høgaste nivå.Han mista sonen Ola i ei tragisk arbeidsulukke. Ola hadde spela på A-laget med faren som trenar, men flytta til Sogndal for å studera. Ola omkom i ei tragisk ulukke på Voss. Olabanen er kalla opp etter han. Og då Per Kristian Ødegaard sikra opprykket med damelaget på Olabanen, måtte han gå for seg sjølv og fella ei tåre. Ødegaard kjem også med sine tankar om kven som er dei beste spelarane på Fbk Voss gjennom tidene.
Champagnefotball
28:03|Fbk Voss-guru Sebastian Bolstad og journalist Ørjan Brattetveit for seg opprykket til Voss 2 frå 6. til 5. divisjon.Champagnespruten stod i taket i garderoben etter kampen.Eksperthaugen snakkar med kaptein Sebastian Mørkve Crook etter 8-0-sigeren mot Frøya 2 i siste serierunde. Også trenarduoen Stig Hope og Kjartan Davanger kommenterer opprykkssesongen.I same 6. divisjonsavdeling spela også Dale og Vaksdal. Lenge såg det ut til at Dale skulle ta steget opp til 5. divisjon, men dei snubla mot slutten av sesongen. Den spelande trenaren Bjørn Tore Myrvold kjem innom Eksperthaugen og snakkar om kva som skjedde. Og kva han ser for seg for Dale-fotballen. Han meiner Dale og Vaksdal må samarbeida - og ikkje konkurrera om dei lokale spelarane.- Det er kjekt med lokaloppgjer. Men eg vil heller spela mot betre lag, seier han.Og ja, jakta på den beste spelaren i Fbk Voss si historie held fram. Og nærmar seg ei løysing.
Årets spelarar, kometar og toppskårarar
35:22|Både herrelaget og damelaget til Fbk Voss er no ferdige med sesongen. Journalist Ørjan Brattetveit og Fbk-eldsjel Sebastian Bolstad går gjennom siste serierunde, får med kommentarar frå trenarane Eirik Een og Stian Kvåle (Os 2), og dei inviterer spelar Anders Hånes Lund inn i studio. Han har vore banens beste dei to siste kampane.Brattetveit og Bolstad diskuterer kven som har vore årets beste spelar på herrelaget og på damelaget. Dei trekkjer fram årets komet og ser på høgdepunkt. Og dei ser framover til komande sesong.Jakta på tidens beste Vossa-spelar held fram. Og denne gongen kjem tidlegare Voss-, Sogndal og Brann-spelar Kristian Ystaas med innspel. Han har også sett opp sitt all-star-team for Fbk Voss.
Kong Olav av Fbk Voss
36:27|Med Fbk Voss sitt frekkaste straffespark var Olav Skjeldal (39) med på å avgjera kampen mot Arna-Bjørnar – hans kamp nummer 400 for A-laget. I denne episoden fortel han alt om straffesparket og det meste om karrieren sin.Han debuterte for Fbk Voss i 1999. 39-åringen vurderer å ta nok ein sesong på A-laget. – Me då må eg verta betre trena enn i år, seier han.Skjeldal har flest kampar og flest mål på A-laget, er han også den beste spelaren i klubben si historie? Høyr kven han sjølv meiner er best i klubbhistoria, kven som har vore han beste motspelarar og beste trenar. Han fortel om spennande play-off-kampar, om herlege opprykk og vonde nedrykk.Helt på tampen fortel Skjeldal kva som skjer på eit 1. sidebilete i Hordaland tidlegare i år. Medan dei andre vossingane jublar for skåring, ser det ut som om Skjeldal slåst med Djerv-spelar Thomas Ulvestad Vacas.
Ronnyen
37:33|Ronny Skjelde (32) er gjest i studio hjå journalist Ørjan Brattetveit og Fbk Voss-guru Sebastian Bolstad. Skjelde slo gjennom som 17-åring på A-laget til Voss, fekk tilbod frå Sogndal og Brann 2. Her fortel han kva han ville gjort annleis i Brann om han hadde fått sjansen igjen. Han fortel om høgdepunkt mellom sine 230 A-kampar for Fbk Voss, om årets opprykksjakt med Dale og vegen tilbake til Fbk Voss. Bolstad og Brattetveit går gjennom kampane til Fbk Voss mot Djerv i 4. divisjon menn og mot Nymark i damenes 3. divisjon. Bjarte Bergstrøm og kaptein Kristoffer Bidne dukkar også opp.