Share

cover art for Verv? Eg?

Bondevennen

Verv? Eg?

Season 3, Ep. 8

Landbruket er avhengig av tillitsvalde på alle nivå. Er du klar for ein periode med ekstra ansvar? Med seg for å undersøka oppsidene og ulempene ved å stilla seg til disposisjon har Bonderådet vårt med seg Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag og Tor Jacob Solberg, leiar i Norges Bonde- og Småbrukarlag.


Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet

More episodes

View all episodes

  • 12. Betre frø i ein fei

    43:27||Season 3, Ep. 12
    Ny kveitesort? Vent i tolv år. Ny timotei? Vent 25 år. Nå vil Graminor speeda’ opp tempo i laboratoriet. I denne episoden møter du administrerande direktør for sortsutviklingsselskapet Graminor, Kristin Børresen. Ho forklarar korleis planteforedlinga av både på korn og engvekstar føregår i Noreg, og kva eigenskaper ein vil ha meir - og mindre av.Bondevennens podcast er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
  • 11. Me ryddar i gjødselreglane

    01:12:47||Season 3, Ep. 11
    Det nye gjødselregelverket er komplekse greier, men fortvil ikkje. Bonderådet forklarer kva du har i vente.Med oss i denne episoden har me Håkon Pedersen, grovfôrrådgjevar i NLR. Han har vore sentral i utgreiinga av dei nye gjødselreglar. Og landbruksdirektør i Rogaland, Monica Dahlmo, som skal forvalta det nye regelverket. Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
  • 10. Blåtunge!

    35:38||Season 3, Ep. 10
    Med mildare temperaturar trugar sjukdommen blåtunge med å bløma opp att. Skal du vaksinera…eller ei? Bonderådet spør veterinærane Arvid Reiersen og Freddie Helgesen om kva som er rett prosedyre.Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
  • 9. Inn på tunet – eit ekstra bein å stå på?

    01:01:41||Season 3, Ep. 9
    I denne episoden tar Bonderådet føre seg to ordningar for grøn omsorg: Inn på tunet og No Limitations. Det handlar ikkje om dugnad, men om eit tilbod som du som bonde kan tilby – og ta betaling for.Me snakkar med Marit Salte som i lag med ektefellen driv med mjølk, ammekyr, svin, ein maskinstasjon - så vel som med demenstilbod via Inn på tunet, på garden i Klepp på Jæren. Du møter også Grete Storm Johansen som etablerte No Limitations, eit gardstilbod for menneske som slit med mellom anna rus.Podcasten Bondevennen er sponsa av Bondekompaniet og Jæren Sparebank.
  • 7. Godt, nytt gjødselår!

    01:00:23||Season 3, Ep. 7
    Start det nye året med ei grundig innføring i alt om gjødselplanlegging.Gjester: NLR-rådgjevar Bård Oliver Gjellestad, og bonde og lærar på Vinterlandbruksskulen på Jæren, Jan-Arild Anda.Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet
  • Julehelsing til lyttarane våre!

    06:11|
  • 6. Enkeltmannsføretak eller AS?

    01:02:20||Season 3, Ep. 6
    Finn ut kva føretaksform som passar best for deg og driftsplanane dine.Medverkande: Rekneskapsførar Ivar Halvorsen, samt bøndene Håkon Kverne og Betuel Frøyland.Podcasten Bondevennens er sponsa av BondeKompaniet - bondens eigen butikk.Og den jærske landbruksbanken – Jæren Sparebank.
  • 5. Jordbruk under åtak

    59:28||Season 3, Ep. 5
    Mange bønder opplever å stå i ein stadig striare straum av kritikk. Det handlar om dyrevelferd, kjøtproduksjon og/eller skuldingar om å vera klimaverstingar. Mellom anna. Korleis møter landbruket og bonden dette trykket? Medverkande: Birger Svihus, professor i husdyrvitskap ved Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet.Podcasten Bondevennens er sponsa av BondeKompaniet - bondens eigen butikk.Og den jærske landbruksbanken – Jæren Sparebank.