Share

cover art for #6 "The Hunger Games" av Suzanne Collins (2008) m/ Karine

Årstad leser

#6 "The Hunger Games" av Suzanne Collins (2008) m/ Karine

Season 2, Ep. 3

Karine anbefala The Hunger Games til David. Han hadde ikkje lese den sidan barneskulen og det vart eit gledeleg gjensyn. Karine snakkar om korleis boka kan lesast som ein kritikk av samfunnet vi lever i, kvifor Gale er grusom og verdien av kritisk journalistikk.

More episodes

View all episodes

  • 2. #15 "Sunrise on the reaping" av Suzanne Collins (2025)

    19:14||Season 3, Ep. 2
    Ulrikke er på besøk for å snakke om den femte boka i Hunger Games-serien.
  • 1. #14 "Din veg" av Olav H. Hauge (1951)

    29:04||Season 3, Ep. 1
    Verdas poesidag-spesial!I denne episoden får de høyre fylkesordførar i Vestland fylke, Jon Askeland, og Årstad-elev Sofiia snakke om dikt og songtekstar dei er glade i. De får òg høyre ein syltynn Hemingway-vits.Tekstane vi snakkar om:"Din veg" av Olav H. Hauge"Barn av regnbuen" av Lillebjørn Nilsen"Om meg selv" av Mykhail Semenko (omsett frå ukrainsk av Sofiia)Takk til Hyssingen produksjonsskole for lån av utstyr og for klipping og miksing av denne episoden.
  • 10. #13 "The Metamorphosis" by Franz Kafka (1915)

    21:26||Season 2, Ep. 10
    Synnøve is back to talk about capitalism, depression and how you SHOULD react when you turn into an insect. How can Jean Paul Sartres concept of "The look" be applied to The Metamorphosis? Find out in this episode of Årstad leser!Find more about the podcast on instagram @littdav
  • 9. #12 "The House in the Cerulean Sea" av TJ Klune (2020)

    21:53||Season 2, Ep. 9
    Hedda tek seg fri frå eksamenslesinga for å snakke om einsemd, utanforskap og skeive historier. Dette er ein pride-spesial av Årstad leser der vi snakkar om verdien av bøker der sjølve identitetsreisa for skeive karakterar ikkje er i fokus. I tillegg får de to meir eller mindre vellukka forsøk på å oppsummere boka på tjue sekund.
  • 8. #11 "Ild, tenner, vann, tunge" av Nhu Diep (2023)

    22:52||Season 2, Ep. 8
    Mariell er innom for å snakke om Nhu Diep sin romandebut "Ild tenner vann tunge". Vi snakkar om korleis det er å leve med to kulturar, god mat og viktigheita av å finne nokon som forstår ein.Boka var nominert til fjorårets Gullkroken litteraturpris.
  • 7. #10 "Brødrene Løvehjerte" av Astrid Lindgren (1973)

    32:11||Season 2, Ep. 7
    KVINNEDAGSPESIAL!Hedda er innom for å snakke om Astrid Lindgren sin tidlause klassikar "Brødrene Løvehjerte". Vi snakkar om kvifor vi les kvinnelege forfattarar, kva rolle mora til brørne speler i boka og verdien av motstandskamp.
  • 6. #9 "Da vi var yngre" av Oliver Lovrenski (2023)

    24:04||Season 2, Ep. 6
    GULLKROKENSPESIAL NUMMER 2! "Da vi var yngre" vann bokhandlerprisen 2023 og var nominert til Brageprisen. No er boka nominert til den gjevaste prisen av dei alle - Gullkroken! Charlotte og Bjørn snakkar om språket, venskapen og rusen i boka.Gullkroken er ein litteraturpris som vert delt ut under Bergen internasjonale litteraturfestival. Prisen er eit samarbeid mellom oss på Årstad vidaregåande skule, litteraturfestivalen og Litteraturhuset i Bergen.
  • 5. #8 "Drømmenes sykkelregister" av Erlend Loe (2023)

    19:27||Season 2, Ep. 5
    GULLKROKENSPESIAL! Gullkroken er ein litteraturpris som vert delt ut under Bergen internasjonale litteraturfestival. Prisen er eit samarbeid mellom oss på Årstad vidaregåande skule, litteraturfestivalen og Litteraturhuset i Bergen."Drømmenes sykkelregister" er ei av fem bøker som er nominerte til årets pris. Thomas og Morten er innom for å snakke om boka, namnebytte og ein etisk tvilsom liggeblogg (!).
  • 4. #7 "Hvem drepte faren min" av Edouard Louis (2018)

    20:52||Season 2, Ep. 4
    Bjørn anbefala Hvem drepte faren min etter at David anbefalte den til han fyrst. Er det juks? Ikkje når ein er så begeistra for ei bok som Bjørn er. Vi snakkar om det franske klassesystemet, den industrielle revolusjonen og verdien av korte bøker!