I denne episoden snakkar eg med professor i religionsfilosofi ved Universitetet i Oslo.
Han ledar forskingsgruppa Democrisis.
Og dei seier demokratiet vårt har svikta i å løyse miljøproblema.
Demokratiet treng ei oppstramming. I ei tid der demokratiet trugast frå mange kantar er miljøkrisa nok eit skjær i sjøen.
Mjaaland er ikkje viss på kvar demokratia våre er om eit par tiår.
Det er eit iboande potensiale for autoritære strøymningar i miljøkampen.
Ein kan sjå føre seg at ettersom miljøproblema blir meir pressande
Og folk ikkje opplever at demokratisk valde politikarar og styresmakter ivaretar befolkninga tilstrekkelig
Så vil ein kunne avvise det demokratiske systemet som egna for å løyse store strukturelle problem som klimakrisa?
Vil somme på eit eller anna tidspunkt finne ut av sivil ulydigheit, som er aktivisme innanfor demokratiet sine grenser, ikkje er tilstrekkelig?
At ein berre blir spelt, og at konklusjonen vert å avvise demokratiet fullstendig?
Ikkje ulikt dei autoritære strøymningane på venstresida på 60- og 70-talet?
I så fall kan ein sjå føre seg ein ny kina-lengsel, der kommunistpartiet sine femårsplanar blir malen for det grøne skiftet?
Dette er så klart spekulasjonar
Men med alvorlege klimaendringar på full veg er det realistisk å forvente at også dei politiske konfliktene vil stramme seg til.
Og det er også eit faktum at verda sine demokrati heller ikkje har lukkast i ei styrt omstilling på eit problem som ein eigentlig har hatt god forståelse for i mange tiår.
Demokratia sine treige prosessar, gi-og-ta, kortsiktige valgsyklusar, og sårbarheit for interessekonflikter, har berre i avgrensa grad vist seg i stand til å handtere klimaproblemet.
Dette er tankar eg har gått og bala med, og som eg tok med meg då eg i lys av dei siste åras mildt sagt antidemokratiske globale vindar lytta til nokon ganske interessante bøker.
Journalist Ann Appelbaum sine Autocraty Inc. Og Twilight of democracy
Historiker Thimoty Snyder The road to unfreedom
Dette er bøker som ikkje er om miljø, men om korleis autoritære statar og strøymninger trugar demokrati
Om ein ikkje har levd i ei hule dei siste par åra så har dei fleste fått med seg at dette er høgaktuelt
Og det går jo ikkje å kople miljø- og naturarbeid frå desse spørsmåla.
For miljøarbeidet foregår jo innanfor rammene av dei rådande politiske systema.
Og det slo meg også at: det er sjølvsagt svært mange gode grunnar til å ta vare på demokratiet vårt.
Men vi som kjempar for miljøet må også vere medvitne på fallgruvene ved å la seg forføre av autoritære tankar, og vende demokratiet ryggen.
Stort sett så har autoritære politiske system vore dårlig nytt for både folk sitt miljø, og for naturen.
Dette er ikkje det samme som å seie at alt fungerar som det skal i demokratiet.
Det gjer det openbart ikkje.
Men det betyr at vi må diskutere korleis demokratiet kan setjast i stand til å løyse dei historisk nye utfordringane vi står ovanfor: ei stor klimakrise og ein forsvinnande natur.
Dette tenkte eg at eg måtte gjere ein podkastepisode på
Men eg visste ikkje heilt kven eg skulle spørje – ettersom det ikkje er ein debatt som er synlig i offentligheita.
Så eg sende ein forespørsel til professor i religionsfilosofi på UiO, Marius Timmann Mjaaland, som eg fann leda ei forskingsgruppe om demokrati og klimakrise – det høyrdest jo relevant ut
Og det var virkelig spikeren på hovudet, for Mjaaland var veldig interessert.
Og då eg fekk sjå prosjektbeskrivinga til forskingsprosjektet deira, så vart det heilt tydelig at her hadde vi mykje å diskutere.
Og der stod det også at «deltaking på podkastar» var ein del av prosjektet, så det passa jo veldig fint!
Forskingsgruppa inneheld kjende navn som Arne Johan Vetlesen, Dag Hessen, Ole Jacob Madsen.
Og premisset for prosjektet var ganske heftig – også eg fekk litt bakoversveis der:
Demokratiet har svikta i møte med klimakrisa. Kva gjer vi no?
","author_name":"KRISTIAN STARHEIM"}