Andre gjest i Leselaget er forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord. I podkasten fortel ho om forholdet sitt til russisk litteratur. Ho hugsar spesielt godt møtet med Lev Tolstojs Krig og fred. Ho elska den! \"Det var ein skikkeleg ‘page turner’ for meg. Den kan eg hugse levde med meg på ein ferietur, der eg kvar dag var halvvegs i Portugal og halvvegs i 1800-talets Russland. Ei fantastisk leseoppleving. Eg er jo frå Finnmark, og føler at det er nokre overlapp i kultur. At eg ofte kjenner meg igjen i den russiske veremåten.\"
Nikolaj Leskov hadde ho høyrt om, men ikkje lese før Leselaget tok kontakt. Lady Macbeth frå Mtensk er også ein ‘page turner’, meiner Nedrejord.
\"Det plar vere eit dårleg teikn i desse klassikarane med ei kvinne som kjeder seg.\" For hovudpersonen Katerina blir det ikkje eit eventyr der ho og elskaren Sergej lever lykkeleg alle sine dagar. Det blir eit blodbad. Og sjølv om Kathrine Nedrejord likte boka, og meiner Lady Macbeth frå Mtensk er både velskriven og spanande, så kjem ho med eit hjartesukk: - Eg kan bli litt irritert over at kvinnene i verdslitteraturen skal bli straffa så valdsamt for å ha begjær! Katerina gjer forferdelege ting, sjølvsagt. Men kvifor endar det hakket betre for Sergej? Kvifor har han fortent det?
Nedrejord hadde ingen å snakke med om Krig og fred, den ferien ho var djupt inne i den historia. Derfor:
– Det er bra det finst sånne ting som Leselaget, sånn at ein kan diskutere litteraturen, slår ho fast.
Mot slutten av podkasten handlar det om Nedrejords eigen romanen Forbryter og straff, som har ein tittel som peiker mot eit anna russisk storverk frå litteraturhistoria. Denne roman blir no til teater på Det Norske Teatret.
","author_name":"Det Norske Teatret"}