I denne episoden av Språkoppdraget får du ein meisterklasse i tekst og undertekst av skodespelar og regissør Terje Strømdahl.
Han har jobba med teater, film og TV i ei årrekke, vunne både Heddaprisen og Kritikarprisen, og blitt omtala som eit nasjonalt ikon. Men han er ikkje glad i skryt og komplimentar. Det han derimot likar, er å vere subtilt bitchy på Facebook.
Strømdahl vaks opp på Grünerløkka – eller Grønnerløkka – i Oslo, i ei tid da det var synonymt med rein arbeidarklasse, fyllikar som sov under buskene i Birkelunden, hyl og skrik, og omsorg for kvarandre. Han har eit sterkt forhold til eiga sosiolekt, med a-endingar og tjukk l.
For mange som vaks opp på 80-talet, er Terje kjensla av ukomplisert barndom. Med Portveien 2, Sorte Maske frå Midt i Smørøyet, og den franske kokken Jean-Claude frå Laurdagsunderhaldninga på NRK.
På tidleg 90-tal stod Terje Strømdahl fram som homofil, og brukte kjendisstatusen sin til å gjere det enklare for andre som kom etter. I haust skal han tolke Alf Prøysen, saman med Knut Anders Sørum og Frida Ånnevik, i konsertframsyninga Prosjekt Prøysen på Det Norske Teatret. Når han syng «Trassvisa hennes Tora», handlar det ikkje berre om tapt kjærleik, men også forbode kjærleik. Kanskje var det akkurat sånn Prøysen hadde tenkt det?
I denne episoden går vi djupt inn i språkets filosofi. Er all tekst løgn? Når Terje Strømdahl deklamerer «Ja, vi elsker», «Å vere eller ikkje vere» og «Mikkel rev», blir språkets uendelege djupn tydeleg for alle.
Terje Strømdahl har pilotsertifikat, sitt eige småfly og favorittordet er «Lufthavn». Men om nokon spør om han har ‘fløyet’, er svaret nei. Terje Strømdahl har ‘flydd’.
","author_name":"Det Norske Teatret"}