{"version":"1.0","type":"rich","provider_name":"Acast","provider_url":"https://acast.com","height":250,"width":700,"html":"<iframe src=\"https://embed.acast.com/$/64e89f5741e6ea0011f8027b/69384bf0a9d003889ca35d3e?\" frameBorder=\"0\" width=\"700\" height=\"250\">","title":"Ragnhild Holmås om rotta som skotta, språkglede og Donald Duck","thumbnail_width":200,"thumbnail_height":200,"thumbnail_url":"https://open-images.acast.com/shows/64e89f5741e6ea0011f8027b/1765568130271-abf72511-79d7-4a9f-aa3f-bc53a0eed46a.jpeg?height=200","description":"
Dagens gjest er minst like glad i språk som oss i Språkoppdraget. Ragnhild Holmås skriv bøker om etymologi for både barn og vaksne. Sidan det snart er jul, får vi i denne episoden artige innblikk i julespråkets etymologi. Har bakverket vi et på Lucia-dagen noko med katter å gjere? Sit den fattige jomfrua i eit lønnetre? Er englane i vedskjulet? Og når nettene blir lange, kva gjer eigentleg dei skottande rottene?
I denne episoden får du vite kva ‘puppar’ og Manchester United har til felles, kor namnet avokado kjem frå, og kva opphavet til det universelle «OK» er.
Ragnhild Holmås er Noregs første kvinnelege Donald-forfattar, og har skrive fleire historier for Donald Duck & Co som er omsett til fleire språk. Ho har ein personleg vendetta mot svada og stivbeint språk, men er ikkje glad i streng peikefinger og raudpenna.
Holmås er Språkoppdragets første gjest med ein Riksmålspris. Heldigvis er ho også medlem i Noregs mållag.
Velkommen til ein episode der hugskotta kjem på rekke og rad og språkentusiasmen sit laust! 
","author_name":"Det Norske Teatret"}