Pest-podden - ein podkast for deg som vil bli infeksjons- eller tropemedisiner i verdas minst tropiske land. Eller berre lære deg meir infeksjonsmedisin.
«Why does the fungi have so many friends? – Because he is a fun guy!»
Akkurat sånn tenker vi, Jørgen og Ingrid, om infeksjonsmedisinen òg – kanskje det faget innafor medisin med flest spanande bakgrunnshistorier og sjanser for krumspring, avsporingar- (og påsporingar), irrgangar, sidevegar, avstikkarar inn i jungelen og oppsiktsvekkande oppdagingar.
Vi gjer eit forsøk på å gjere det vanskelege enkelt og det keisame morosamt – på norsk, sia nesten alle infeksjonsmedisinske podcastar i dag er engelskspråklige, og følgjeleg òg altfor fulle av meropenem.
I denne podcasten får du med andre ord dårlege vitsar, gode historier og spontane innfall – men forhåpentligvis med eit visst læringsutbytte på reisa.
Vi er Ingrid Hoff og Jørgen Østensjø – snart ferdige spesialistar i infeksjonsmedisin. I tillegg har vi med oss LIS3 i indremedisin Nikolai Norevik Myklebust som ikkje er spesialist no i næraste framtid, men det er berre fordi han måtte gå på Griegakademiet, bli ferdig utdanna jazzmusikar, og så skrive musikken til Pestpodden først.
Ris og ros, tips til tema, vinkling eller intervjuer – vi tar imot alt med glede! Skriv til: pestpodden@helse-bergen.no.
Ein stor takk rettast til leiar for tropesenteret og førsteamanuensis Kristine Mørch og til seksjonsoverlege Trond Bruun. Takk til Norsk forening for infeksjonsmedisin òg, som vi gleder oss til å samarbeide med i framtida.
All musikk er av Nikolai Norevik Myklebust, produsent er Marius Løbø Fimland - Helse Bergen HF.
","author_name":"Helse Bergen"}