Sør i Trondheim ligg Risvollan burettslag. Dei over elleve hundre leilegheitene utgjer det største frittståande burettslaget i Noreg. Her flytter to vaksne saman og gjer Vidar og Malin til stesysken. Svart skissebok er ein raus roman om ei handfull menneske på skuggesida. Navet er historia om Vidar og Malin og deira felles oppvekst. No er Malin forsvunnen, og Vidar treng å finne ho att. Men etter kvart som forteljinga skrid fram, får jakta på Malin ein eim av noko anna enn omsorg. Og vil no Malin eigentleg bli funnen av stebroren sin?
Svart skissebok er ein roman fylt til randa av sterke historier. Men i skildringa av ein dysfunksjonell familie prega av drukkenskap, skrik og spetakkel, finst det òg ein god del humor og varme. Skjetne tek med seg poesien inn i prosaen når han skildrar bydelen, og dei sanselege skildringane gjer sterkt inntrykk. Svart skissebok er ei kjærleikserklæring til drabantbyen og til menneska som bur der.
Vi møter forfattaren i samtale med Irmelin Kjelaas, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU.
Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og skriv bøker for både vaksne og ungdom. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I 2021 vart Skjetne tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For same bok vart han òg nominert til Kritikerprisen. Hans førebels siste utgjeving er romanen Svart skissebok (2025).
","author_name":"Litteraturhuset i Trondheim"}