{"version":"1.0","type":"rich","provider_name":"Acast","provider_url":"https://acast.com","height":250,"width":700,"html":"<iframe src=\"https://embed.acast.com/$/63ff3b3fb71a580011a21d5a/69a594a23214c3197d57e044?\" frameBorder=\"0\" width=\"700\" height=\"250\">","title":"Patti Smith 80 år – Ei feiring av mennesket, musikken og skrivinga","thumbnail_width":200,"thumbnail_height":200,"thumbnail_url":"https://open-images.acast.com/shows/63ff3b3fb71a580011a21d5a/1772459007591-c06d362a-e9a6-4b59-b4c3-31b458f55af9.jpeg?height=200","description":"
Patti Smith (f. 1946) er kjend som både vokalist, låtskrivar, poet og artist. I tillegg har ho skrive og gitt ut fleire bøker, mellom anna Just Kids (2012) og M Train (2016). Den førebels siste utgjevinga på norsk er memoarboka Brød frå englane (2025).
I desember 2026 fyller rockelegenda 80 år. Dette feirar Litteraturhuset ved å invitere til ein samtale med Ingvild Holvik, Brit Bildøen og Petter Fiskum Myhr. Med utgangspunkt i memoarane Just Kids, M Train og Brød frå englane, vil dei snakke om mennesket, musikken og skrivinga, om kunst og inspirasjonskjelder, og om den påverknaden Patti Smith har hatt og enno har på fleire generasjonar av musikk- og litteraturinteresserte.
Brit Bildøen (f. 1962) er forfattar av både romanar, essay og barnebøker. I tillegg er ho omsetjar, og har mellom anna omsett Patti Smith sine bøker Just Kids, M Train og Apens år til norsk. Bildøen er omsett til fleire språk og har blitt tildelt fleire litterære prisar. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.
Ingvild Holvik (f. 1976) er forfattar og har sidan debuten i 2010 fått strålande kritikkar for det gripande forfattarskapen sin. Ho har òg omsett fleire bøker til norsk, mellom anna Patti Smith si Brød frå englane.
Petter Fiskum Myhr (f. 1957) er litteraturvitar og forfattar. Han har skrive ei rekkje bøker, ikkje minst om Bob Dylan. Han er tidlegare direktør ved Rockheim og for Olavsfest. Før dette arbeidde han i mange år som journalist og redaktør i NRK.
","author_name":"Litteraturhuset i Trondheim"}