Når dronninga av vestlandsk humor, Agnes Ravatn, skriv om maktskifte i den mektige forlagsfamilien Høst, blir resultatet regnvåt, forblåst og spennande litteratur i slekt med dramaserien Succession. Matriark og forleggar Myrna Høst skal avgjere kven som overtek sjefsstolen: Den marknadsvennlege dottera, som vil forlaget skal bli ei plattform for innhald i alle format? Den litterært orienterte sonen, som hevdar lesing og konsentrasjon snart kjem tilbake på moten?
I romanen Doggerland møtast både børs og katedral-orienterte familiemedlemmar til strategisamling på ei lita vestlandsøy. Når dei som teambuilding skal lage middag saman er det ikkje berre framtida til lesekulturen som putrar i gryta, men også ei pikant utruskapsaffære og den yngste familiemedlemmen sin nye KI-venn.
Agnes Ravatn er kjent som ein av landets vittigaste og skarpaste forfattarar. Ho har gitt ut kritikarrosa og populære bøker, som romanane Fugletribunalet og Dei sju dørene, samt.sakprosabøker som bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin. Ravatn si særeigne stemme og skarpe blikk går alltid att, enten ho skriv romanar, journalistikk eller essay. «Nå er det bare de heroiske folkene igjen» uttalte ho i eit nyleg intervju om tilstanden i bokverda. Korleis vil det gå med litteraturens heltar i tidas algoritmestyrte melodi?
På Litteraturhuset møtte Ravatn forfattar og leiar for Den norske Forfatterforening (DnF), Bjørn Vatne, til ein samtale om familierelasjonar, intrigar og litteraturen si framtid.
","author_name":"Stiftelsen Litteraturhuset"}