«Og dette er eigentleg det verste med historier: at dei må forteljast. Dei kan ikkje berre kome susande som ein komet og eksplodere på himmelen.»
Helga Mork har forsona seg med å leve åleine, som den smått isolerte forfattaren i vestlandsbygda Volke. Heilt til det flyttar inn eit forfattarpar i nabohuset i den vesle bygda, og Helga dessverre fell pladask for den gifte Even.
Med Her kjem sola har Gunnhild Øyehaug skrive ein kjærleiksroman, men i kjent øyehaugsk stil er det langt frå nokon rett fram-forteljing: Det er like mykje ei bok om språk, om det alternative universet Verkelegheita, om Hervor frå campingen og hønene hennar – og litt om Hamlet.
Gjennom femten romanar, novelle-, dikt- og essaysamlingar har Gunnhild Øyehaug etablert seg som ei av våre mest originale og leikne forfattarar. Få evnar som Øyehaug å få fram det makelause i det heilt kvardagslege, eller å skrive så liketil om alternative univers og overnaturlege hendingar.
Øyehaug har fått mellom anna Sultprisen og Doublougprisen for sin forfattarskap, og er gjendikta til ei rekke språk. I år kjem også dei samla novellene hennar ut i eit band.
Ein som har følgt Øyehaugs forfattarskap heile vegen, er forfattarkollega Johan Harstad. No møter han henne til ein samtale om brennande kjærleik, historieforteljing og alternative univers.
","author_name":"Stiftelsen Litteraturhuset"}