{"version":"1.0","type":"rich","provider_name":"Acast","provider_url":"https://acast.com","height":250,"width":700,"html":"<iframe src=\"https://embed.acast.com/$/608feedd06d0cf2cd9728fa7/644a99d59794790011ec8394?\" frameBorder=\"0\" width=\"700\" height=\"250\">","title":"Matriarkatets tidsalder. Maren Uthaug og Wencke Mühleisen","thumbnail_width":200,"thumbnail_height":200,"thumbnail_url":"https://open-images.acast.com/shows/608feedd06d0cf2cd9728fa7/1620830349863-83a131439ea91d8feeb10d83b9a2dd02.jpeg?height=200","description":"
«Vil du ha menn springande fritt rundt i gatene? Synest du ikkje historia har gitt nok eksempel på kor farlege dei er for oss menneske?»
Nokre hundre år inn i framtida, er Danmark blitt eit matriarkat der menn er fjerna frå samfunnet. Unntaket er dei elleve prosentane som trengs for å reprodusere menneska utan innavl, som er lukka inne på eit senter så dei kan tene for sex og avl.
I romanen 11% (omsett av Ingvild Holvik) teiknar Maren Uthaug eit dystopisk samfunnsportrett med skarp satire, gotisk råskap og blodig alvor. Satt i eit postapokalyptisk København som minner om både Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood og Egalias døtre av Gerd Brantenberg, utforskar ho idear om kjønn, seksualitet og makt ved hjelp av heksar, prestinner, mannedamer og gutebarn som må leve i skjul.
Maren Uthaug er ein samisk-dansk forfattar og teikneserieskapar som har etablert seg som ei viktig satirisk og litterært nyskapande stemme i Danmark. Ho teiknar dagleg i avisa Politiken og er kjend for skarp humor og djupe psykologiske portrett, og har gitt ut ei rekke teikneseriebøker og prisvinnande romanar. 11% er den fjerde romanen hennar, og blei tildelt den prestisjefylte prisen De Gyldne Laurbær 2022.
26. april 2023 kom ho til Litteraturhuset for å snakke med forfattar og kjønns- og medieforskar Wencke Mühleisen om å bruke litteraturen til å utforske og utfordre patriarkalske strukturar.
","author_name":"Stiftelsen Litteraturhuset"}