{"version":"1.0","type":"rich","provider_name":"Acast","provider_url":"https://acast.com","height":250,"width":700,"html":"<iframe src=\"https://embed.acast.com/$/608feedd06d0cf2cd9728fa7/632043a167a3ba0013ac167a?\" frameBorder=\"0\" width=\"700\" height=\"250\"></iframe>","title":"Å høyre til. Brynjulf Jung Tjønn og Mala Wang-Naveen","thumbnail_width":200,"thumbnail_height":200,"thumbnail_url":"https://open-images.acast.com/shows/608feedd06d0cf2cd9728fa7/1620830349863-83a131439ea91d8feeb10d83b9a2dd02.jpeg?height=200","description":"<p>I diktsamlinga&nbsp;<em>Kvit, norsk mann</em>&nbsp;reflekterer&nbsp;Brynjulf Jung Tjønn&nbsp;over eigen oppvekst og identitet. Som adoptert frå Sør-Korea til ein gard i Sogn og Fjordane på 1980-talet, har livet hans vore prega av rasisme og manglande førebilete. Dikta stiller eit ubehageleg spørsmål: Kor annleis hadde livet hans vore om han var kvit?</p><p>Men samlinga utforskar òg grunnane, både dei genetiske og dei som kanskje ikkje er det, til at han ikkje kunne leve opp til forventingane om å ta over garden og føre familietradisjonen vidare. Kva er eigentleg ein familie, og kva tyder det å høyre til i han?</p><p>Brynjulf Jung Tjønn&nbsp;debuterte i 2002 med romanen&nbsp;<em>Eg kom for å elske</em>, og har sida utgitt poesi og prosa for alle alder, blant anna dei kritikarroste ungdomsromanane&nbsp;<em>Så vakker du er</em>&nbsp;og<em>&nbsp;Smadra</em>. Han blei tildelt P2-lytternes romanpris for&nbsp;<em>Kvar dag skal vi vere så modige</em>, og i 2022/2023 er han husdramatikar ved Dramatikkens Hus.</p><p>Mala Wang-Naveen&nbsp;er forfattar og samfunnsdebattant, og redaktør for antologien&nbsp;<em>Norsk nok</em>. Dei møttes på Litteraturhuset til samtale om rasisme, identitet og tradisjon.</p>","author_name":"Stiftelsen Litteraturhuset"}