{"version":"1.0","type":"rich","provider_name":"Acast","provider_url":"https://acast.com","height":250,"width":700,"html":"<iframe src=\"https://embed.acast.com/$/60391141774ff31a4044c850/60657419e635c039fdbb956d?\" frameBorder=\"0\" width=\"700\" height=\"250\">","title":"#004 Revelations med Jannicke Wiese-Hansen","description":"
Jannicke Wiese-Hansen er ei legende, både som tatovør og som illustratør, og driv tatoveringsstudioet <a href=\"https://norsewitch.wixsite.com/nidhoggtattoo\" rel=\"noopener noreferrer\" target=\"_blank\">Nidhogg. Kunsten hennar er prega inn i alt frå Tommy Lee til myntar frå Isle of Man. Ein annan ting ho er kjent for er å ha laga nokon av dei mest ikoniske logoane til den nyare norske nasjonalarven: Black Metal. 
Frå og med denne episoden får podkasten eit fast innslag: Tarjei sin nevø, Aleksander (13), vurderer Priest-katalogen, album for album! 
Vi snakkar i denne episoden om korleis Jannicke både starta å høyre på heavy, korleis ho starta med teikning og illustrasjonar, og om tatoveringar ho har gjort av eigne logoar og platecover. I episoden kan du finne ut kven av medlemmene i Iron Maiden ho har tattovert! Vi snakkar og om kva ein logo betyr for eit band, kva slags funksjon logoen bør ha, og kva som kjenneteiknar ein god logo. 
Deretter går vi laus på logoane til Priest og Maiden. Ettersom Maiden har funne det for godt å stort sett holde seg til same logoen gjennom heile karriæra vert det mest diskusjon rundt dei ulike logoane til Judas Priest. Kvifor har dei (og andre band som Enslaved) valgt å endre på logoen fleire gonger? Og kva for ein av logoane likar vi best? 
Spoiler alert: Maiden stikk av med poenget i denne episoden og, slik at stillinga etter to gjester er Priest 0, Maiden 2. 
<a href=\"https://open.spotify.com/playlist/6Ah3P5EksMnGmTQ5SmQdbj?si=1d4d4d79d1aa40f4\" rel=\"noopener noreferrer\" target=\"_blank\">Her er spelelista med Jannicke sine favorittar.
Priest: 
You've Got Another Thing Coming
Turbo Lover
Electric Eye
Maiden: 
The Number of The Beast
Can I Play With Madness
Revelations
Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og <a href=\"https://www.youtube.com/channel/UCa5MTgY_WnOseKbIoBbp5iQ\" rel=\"noopener noreferrer\" target=\"_blank\">YouTube .
","author_name":"Tarjei Heggernes og Bård Nordvik"}