{"version":"1.0","type":"rich","provider_name":"Acast","provider_url":"https://acast.com","height":250,"width":700,"html":"<iframe src=\"https://embed.acast.com/$/5ece4e1d6bdd224ca43e7d36/61f7bd178961230012831cef?\" frameBorder=\"0\" width=\"700\" height=\"250\">","title":"Liv Grete Skjelbreid - 20 år etter OL i Salt Lake City","thumbnail_width":200,"thumbnail_height":200,"thumbnail_url":"https://open-images.acast.com/shows/5ece4e1d6bdd224ca43e7d36/1643624934576-ce874def39cf5c4dc9346fa46a752980.jpeg?height=200","description":"
Korleis var det å vere utøvar da dopingskandalane blei rulla opp ein etter ein i OL i 2002?
Liv Grete Skjelbreid stod ute i løypa da Johann Mühlegg storma inn til eitt av sine tre OL-gull, som han etter kvart skulle miste. Ho og lagvenninnene tenkte seg i mellom at det ikkje kunne vere gjort på ærleg vis. Det såg umenneskeleg ut. Liv Grete begynte å frykte at også mange av konkurrentane hennar juksa seg til medaljar.
Ingen blei tatt i Salt Lake City. Men mange av dei den tidlegare skiskyttardronninga konkurrerte mot da, har blitt avslørt for doping i seinare tid. Ei av dei kom bort til Liv Grete etter karrieren og beklaga. \"I had no choice\" fortalte ho med tårer i augo. Det har gjort sitt til at Liv Grete nå ser annleis på dei som blir tatt for doping. Det er kanskje ikkje utøvarane ein bør rette sinnet mot?
Du møter Liv Grete Skjelbreid, med sju VM-gull i skiskyting og to OL-sølv (Salt Lake, 2002) i denne episoden av Antidoping-podden. Ho fortel programleiar Gjermund Erikstein-Midtbø om sine refleksjonar rundt doping og antidopingarbeidet 20 år etter at ho deltok i Salt Lake City, det første meisterskapet der utøvarar kunne bli tatt for EPO.
","author_name":"Antidoping Norge"}