Lesetekst 1
Eg vil lækja deira fråfall,
og eg vil elska dei av hjartet,
for min vreide har vendt seg frå dei.
Eg vil vera som dogg for Israel.
Han skal bløma som ei lilje
og røta seg som trea på Libanon
og breia greinene sine utover.
Han skal vera fager som oliventreet
og anga som skogen på Libanon.
Igjen skal dei bu i hans skugge,
dei skal dyrka korn
og bløma som vinstokken.
Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.
Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera?
Det er eg som svarar han og ser til han.
Eg er som ein grøn sypress,
frå meg skal frukta di koma.
Hosea 14,5–9
Lesetekst 2
No talar eg til dykk som er av ulike folkeslag. Så sant eg er apostel for folkeslaga, set eg tenesta mi høgt, i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei. Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død! Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg. No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.» Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!
Romarane 11,13–20
Evangelietekst
Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.
Johannes 15,1–8
","author_name":"Stein Ødegård"}