Lesetekst 1
Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.
Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen. Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.» Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy! Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.» No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt. Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet. Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen.
1. Mosebok 2,8–9 og 3,1–8
Lesetekst 2
Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han. Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg. Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.
Far ikkje vill, mine kjære sysken!
Jakob 1,12–16
Evangelietekst
Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» Jesus svara: «Det står skrive:
Mennesket lever ikkje av brød åleine,
men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»
Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:
Han skal gje englane sine påbod om deg.
Og:
Dei skal bera deg på hendene
så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive:
Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive:
Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena.»
Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.
Matteus 4,1–11
","author_name":"Stein Ødegård"}