Lesetekst 1
Set meg som eit segl på hjartet ditt,
eit stempel på armen din!
For kjærleiken er sterk som døden,
lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.
Han brenn som logande eld,
ein Herrens loge.
Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken,
elvar skyl han ikkje bort.
Om nokon gjev alt han eig
for å kjøpa kjærleik,
blir han berre til lått.
Høgsongen 8,6–7
Lesetekst 2
Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.
Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.
Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik,
då har eg ingen ting vunne.
Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
misunner ikkje, [kjærleiken] skryter ikkje, er ikkje hovmodig.
Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.
Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
1. Korintar 13,1–7
Evangelietekst
Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: Eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg. Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd. Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei og eg sjølv kan vera i dei.»
Johannes 17,20–26
","author_name":"Stein Ødegård"}