{"version":"1.0","type":"rich","provider_name":"Acast","provider_url":"https://acast.com","height":250,"width":700,"html":"<iframe src=\"https://embed.acast.com/$/5e37dfbaa57df3fd4a83e11e/5ea6bf07f80a2d9d47ded395?\" frameBorder=\"0\" width=\"700\" height=\"250\">","title":"Braaten, dei castbergske barnelovene og tusen år med urettvise","thumbnail_width":200,"thumbnail_height":200,"thumbnail_url":"https://open-images.acast.com/shows/5e37dfbaa57df3fd4a83e11e/1587986091860-ef979170cc1ebecc4bf3f521d019c0a3.jpeg?height=200","description":"
I 1911 skreiv Oskar Braaten skodespelet Ungen om den triste lagnaden til arbeidarkvinner i Oslo som fekk barn utanfor ekteskap. Straffeforfølging og sosial utstøyting av slike kvinner gjorde barnedrap –mødre som drap sitt eige spedbarn rett etter fødselen – til den største drapskategorien i Norge frå 1600- til 1900-talet. I 1925 skreiv Braaten Den store barnedåpen, som handlar om den same
tematikken, men som er ein komedie. Mellom dei to stykka kom dei castbergske barnelovene av 1915, som likestilte barn født innanfor og utanfor ekteskap. Lovene var dei fyrste i sitt slag i verda, og
inspirerte tilsvarande lovgjeving i land som USA og Kina.
Jørn Øyrehagen Sunde fortel om dei castbergske barnelovene som var det avgjerande steget for å få slutt på minst tusen år med brutal handsaming av kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, og barna deira.
Dette foredraget er spelt inn heimanfrå, via foredragshaldaren si datamaskin. Det er del av ei digital foredragrekkje som Nasjonalbiblioteket presenterte i mars 2020, då koronakrisa førte til at norske bibliotek måtte stenge dørene.
","author_name":"Nasjonalbiblioteket"}