Share

cover art for Eg blør! - eller karskader

Karpodden

Eg blør! - eller karskader

Season 1, Ep. 11

Veit du kva du skal gjere om du finner nokon på gata, omringa av blod? Eller veit du kva kirurgane gjer når blodårene ikkje held tett? I denne episoden fortel vår åreguru Espen Gubberud om kva som skjer når du har fått ein alvorleg skade på blodårene dine.

More episodes

View all episodes

  • 14. Likfingre - eller Raunaud

    28:42
    I denne episoden har vi besøk av Eirik Dalheim, som har Raynaud. Han fortel om kva for symptom han opplever, og korleis han har tilpassa livet sitt så han lev godt med likfingrane sine. Karkirurg Einar Andrè Brevik forklarar sjukdomsmekanismen og kva for behandlingstilbud som fins.
  • 13. Hovudpulsåra som nesten sprakk

    28:44
    Pasienten vi har besøk av i denne episoden fortel om dei dramatiske dagane då han fekk beskjed om at hovudpulsåra var i ferd med å sprekke. I all hast blei han operert - mens vi tilfeldigvis var til stades og observerte det heile frå utsida.
  • Fellesepisode - Den grufulle vegen til i dag

    01:14:46
    Endelig har Helse Bergen både fått nok podkaster, og klart å få samla gjengen til ein fellesepisode! I denne tverrfaglige bonusepisoden, utgitt den siste dagen i oktober like før sukkeret tar fullstendig overhand, oppsummerer karkirugane, ortopedane, infeksjonsmedisinarane og anestesi- og soveekspertane korleis vi har kome til det vi kjenner som moderne sjukehus og behandling. Som du gjerne gjetta - det har ikkje vore ei særleg hyggjeleg reise, men skal du lage god omelett så må du knuse nokre... egg.
  • 12. Kar + Plastikk = Sant

    37:37
    Kva er lysken, kvifor er han så vanskelig og korleis kan plastikkirurgi plutselig henge saman med blodårer? Vi har fått med oss plastikkirurg Henrik Løvendahl Svendsen til å fortelle om flytting av hud, muskler og andre ting som du kanskje helst vil ha der det høyrer heime.
  • 10. Kjempestore klumpebein - eller lipødem

    35:30
    Lipødem er ein typisk kvinnesjukdom: Rammer berre kvinner, lite og dårleg forskning, få og dårlege behandlingstilbod. Eksperten vår, overlege i plastikkirurgi Hildur Skuladottir, har teke hand om desse damene og styrer eit nasjonalt forskningsprosjekt der pasientane får eit heilheitleg tilbod med oppfølging og operasjon.  Ordforklaringar til denne episoden: Hypertensjon = høyt blodtrykk Varicer = åreknuter Ødem = væskeansamling Inflammasjon = betennelse Underekstremiteter = beina Lymfebaner = samler opp væske fra vevene Lymfødem = væskeansamling på grunn av overbelastning av lymfesystemet Progredierende = tiltagende Toksiske doser = Mengde der giftige effekter viser seg Elektrolyttforstyrrelser = tilstand med ubalanse i salt-og mineralnivå i kroppen Anestesimidler = legemidler som brukes til bedøvelse under operasjoner
  • 9. Trening av røykebein

    30:48
    Pasienter med perifer arteriesjukdom – eller røykebein om du vil – har god effekt av noko så enkelt som gangtrening! Strukturert, enkel trening av denne typen kan auke gangdistansen og minke smertene i beina. Høyr kva vår ekspert Elisabeth Bø har av råd om dette. Ho er tilsett i Nasjonal kompetansetjeneste trening som medisin. Lenke til nettsiden deira for meir informasjon: https://stolav.no/fag-og-forskning/kompetansetjenester-og-sentre/nasjonal-kompetansetjeneste-trening-som-medisin Du finn dei òg på Facebook. Gruppa heiter Trening som medisin.  Meir om røykebein? Finn frem episode 4. Vi har òg snakka om trening og blodårer i episode 6. 
  • Bonusepisode 4: Jul(ematen) på sjukehuset

    35:25
    Vi har fått besøk av administrerande direktør Eivind Hansen, og han fortel oss korleis livet på sjukehuset er i jula, og kva han sjølv skal ha på middagsbordet på julaftan. Espen gjer sitt beste for å ikkje punktere gleda når han skildrar kva maten gjer med skrotten til Eivind.
  • 8. Medisinsk behandling ved perifer arteriesykdom

    34:07
    Kva er risikoen med å ha perifer arteriesjukdom og nedsatt blodsirkulasjon i beina? Kan du dø av det? Kass medisiner bør du bruke og korleis virker dei? Gjest i denne episoden er Henrik Hoel, lege i spesialisering i karkirurgi ved Oslo Universitetssukehus.